tirsdag 26. oktober 2010

Adventskalender-candy!

Eg var innom Wenche sin blogg, og der var det ein fantastisk flott blogcandy! :)
Nydelig kalendar med sikkert masse flotte scrappesaker i!

Stikk innom bloggen du og; delta i candyen og ikkje minst-
bli inspirert av alt det flotte ho lagar! :)


torsdag 14. oktober 2010

Søte tøfler til ein liten fot.

Eg fryse alltid på beina og er stadig på jakt etter fine, gode tøfler eg kan strikke.
Fann desse nydelige tøflene og satte i gang.
(Tusen takk for oppskrift!)
Syns dei var så skjønne; og virkelig fine i forma.
Men- det er eit lite men...
Trass i at eg fulgte oppskrifta til punkt og prikke so vart tøflene altfor små..
Her er dei ilag med Marius sine sko i str 31.... Då
tova på 40 grader- eit kort program på 50 minutt.
Men men- tøflene er søte og fine, og eg kan gje dei vekk til ei lita jente i staden.

Skulle gjerne hatt sånne sjølv so om nokon har oppskrift på tøfler;
gjerne slike som skal tovast så blir eg veldig glad viss eg får ein link .
Viss ikkje får eg gjere om litt på oppskrifta til Ullkurven å
prøve å få dei i str 38! :)

mandag 4. oktober 2010

Nytt i stova!

Eg har fått meg lysekrone! :)
Eg syns den er sååå fin...
Vart mykje koseligare i stova no syns eg.
(bursdagspresang frå mamma og pappa..
kjekt med bursdagsgåver på forskudd )



So har eg fått meg finfint speil av dei kjekke systrene mine.
Syns det vart litt meir opent i stova; å speilet passa betre der enn dei to
bildene som hang der før.




Tuusen takk til systrene mine og til mamma og pappa.
Eg er so fornøgde!! :)


Ha ein forsatt fin måndag alle sammen!
Eg gler meg til Millenium i kveld.

onsdag 29. september 2010

Bloggepledd, bloggehus og ny sveis ;)

Endelig har eg og fått bloggepleddet!
Kallar det bloggepleddet for det er så mange bloggera som har det;)
Eg syns det var finare i virkeligheten enn på bilder,
og eg e veldig gla eg har det heime i sofaen no.
Du kan få kjøpt det her !


Lyshuset er kjøpt på Bohus!
Må finne eit kubbelys som går inni; for det blir for lite lys med berre eit telys.
Lekre hus syns eg; og ikkje minst billige. 119 kr trur eg det kosta.

Til slutt bilde av nye sveisen.
Brunt hår og pannelugg til hausten.
Kjekt med noke nytt ;)

Ha ein finfin kveld!

søndag 26. september 2010

Ferdig lue! :)

Ikkje heilt fornøgde trur eg..
Eg har lysst å lage ei til så eg blir heilt fornøgd.
Då skal eg blandt anna ha fleire striper; og kanskje
tjukkare striper.

Men- eg lika alle prosjekt som e ferdige- å no skal eg begynne på eit eller anna nytt ;)

Oppskrifta fann eg her.
TUSEN TAKK! :)


tirsdag 21. september 2010

Enkle tøfler- med feil garn?

Eg strikka ein tøffel etter denne oppskrifta. Eg hadde ikkje eskimogarn;
men brukte Trysil Garn, Simba frå Europris.
Dette var berekna på pinne nr8.
Eg brukte pinne nr. 6 (der fulgte eg oppskrifta med andre ord...)

Eg syns sokkane vart både små og tynne; å lure på om dei berre er sånn eller om det er
garnet sin feil?
(Evt min feil som kjøper feil garn...)


Dei var veldig lette å strikke; og eg- som faktisk strikkar fryktelig seint
var ferdig med ein sokk på eit par kveldstimar.
Systra mi strikka ein sokk og; så dei to fekk danne seg eit par...
No ligg dei i korga mi i gangen- klare for å varme folk som kjem på besøk :)

onsdag 15. september 2010

Nydeleg salat..!

Idag må eg legge inn tips om ein knallgod og ikkje minst, fryktelig enkel salat
eg og ei venninnde hadde til lunch/middag i dag.


Tacosalat Issalat
Rødløk
Mais
Gulrot
Paprika
Kjøttdeig/Karb.deig/Kyllingkjøttdeig
Tacopulver

(Steik kjøttdeigen først, ha på tacopulver å la det koke inn som vanlig. La det bli
kaldt på eit tørkepapir så litt av sausen renn av.. Det blir absolutt best! :))

Ost dryssa vi over når vi har servert

Idag hadde eg både rømme,guacemole og salsa i kjøleskapet
så eg tok på det.
(Andre likar f.eks kun dressing på ... *knegg*)

Tilbehør :
Maarud tortillachips evt anna type tortillachips

Herlig salat som passar i dei fleste anledningar!

Takk for besøket, Erika! :)

onsdag 8. september 2010

Jammen er det liv i bloggen!

Jamennsann! Her i bloggen er det liv.
Eg skal starte å blogge igjen no.. No skal eg det. På ekte.
Det er ikkje så lett å finne ting å blogge om heller.. til ei kvar tid.

No har eg strikkedilla.
Fann oppskrift på Kari Traa lue her i bloggverden
so no prøva eg meg på den...
Spennande å sjå om det blir lue til meg eller til Marius.
Planen er at det er eg som skal bruke den.
Lova å blogge resultatet når eg er ferdig

Ellers har eg strikka kjøkkenklutar
(som eg forøvrig ikkje har tatt i bruk enda... ligg til pynt på kjøkkenet........ )



mandag 6. september 2010

Herleg bloggcandy




Klikk her for å komme til candyen!
Kjempefin blogg og ikkje minst, herleg bloggcandy! :)
Vinn boligpluss og blomster!

Anbefala alle å kose seg gjennom denne bloggen :)

tirsdag 22. juni 2010

Liv i bloggen?

Ikkje akkurat mykje å skryte av...
Men- eg har ikkje tenkt å legge den ned heilt ennå...

Legg ved eit stemningsbilde frå


Kjempesjarmerande plass syns vi!




onsdag 5. mai 2010

Herlege solbollar!


Solbollar

50g gjær
125g smør
5 del melk
1 egg
1,5dl sukker
2 ts kardemomme
1,5l kveitemjøl

Kanelfyll :
Smør
Kanel
Sukker
Ein pakke vaniljekrem; f.eks Piano
Pynt : 4 dl melis
2 ss vatn

Framgangsmåte :
Smelt smør og bland i melka. Varm blandinga til 37 grader.
Smuldre gjæra og løs den opp i litt av smør- og melkeblandinga. Tilsett
resten av væska og sammenpiska egg. Bland so i sukker, kardemomme og
det meste av mjølet.
Elt deiga godt, å la den heve til dobbelt størrelse. (ca 60min)

Del deiga i 2 emner. Kjevle ut kvart emne i leiver på ca.25*40cm,
Selt smør og pensle på; og strø sukker og kanel. Rull leiven sammen frå langsida. Skjær
kvar rull i ca 2 cm tjukke skiver.
Sett skivene på steikeplate; å la dei etterheve i 20-30min.

Lag ei stor grop i midten på kvar av bollane, å fyll gropa med ei stor spiseskei vaniljekrem.
Det er viktig at gropa er stor så ikkje kremen flyt utover.

Steik bollane midt i ovnen ved 225grader i ca 10minutt.

Avkjøl og pynt med melis om du ynskjer det.
Desse er perfekte å fryse. Dei er faktisk endå betre då! :)

Oppskrifta er henta frå "det søte liv"

lørdag 1. mai 2010

Husets første og siste daffedress...

...kjem snart i posten.

Det er ikkje til mor i huset.
Det er sjølvsagt til Marius! :)

Han veit ikkje om det enda..
Han blir 6 år neste måndag og då håpe eg den er komt.
Han kan ikkje bli anna enn fornøgd når
han får den vel?

Bildene er tatt frå denne sida.

Løp og kjøp! :)


lørdag 24. april 2010

Nye sko! :)

Endeleg fekk eg bestilt Nike shox sko.
Det er nok fake- men eg satsar på dei er godt brukande likevel eg..

Dei e vertfall veldig fine å sjå på å eg gler meg til å få dei i posten.


Dei er kjøpt her. Det er utruleg masse flotte variantar so det var vanskelig å velge.
Valget fall til slutt på desse :

søndag 18. april 2010

Litt vårshopping.....

...mens det snøva ute..
Det passar seg veldig fint syns eg.
Sommaren e laaaaangt der framme-
men det hjelpe pittelitt på å handle litt lyse, lette vårkle syns eg!
Syns ellos har masse fint.
Eg gidd ikkje handle kle som ikkje er på lager før i juni so
det vart med dette.

onsdag 14. april 2010

Før og etter maling.

Eg lovde jo nokre før og etter bilder. Dårlig med førbilder her med meg-
men dokke kan tenke dokke korleis det såg ut med trekvite dører og lister.
Skjønnar ikkje at eg ikkje ba om kvite dører og lister når eg kjøpte leiligheta ny i 2005..
Men men- lett å være etterpåklok.
No er der vertfall mala- og det e blitt mykje finare syns eg! :)
Tusen takk til pappa for mange arbeidstima og masse masse tolmodighet!
Kjøpmannsdisken på kjøkkenet.
Mala for eit år sidan.
Knotta kjøpt på Kremmerhuset.

Heile kjøkkenet. Enkle gardiner kjøpt inn for vår og sommar :)


Kjøkkenet før benken, lister og vinduskarmen vart måla.

Soveromsdørene våre, og badedøra! :)
Har desverre ikkje førbilder, men
her borte vart det mykje mykje
trivligare syns eg.
Ønske meg eit kvart på veggen til venstre der..
Mellom dei to dørene.
Noken som har tips?






Må vise stova og gangen seinare.
Har så dårlige bilder..




søndag 11. april 2010

Ny, herlig jakke!

Endelig har Marius fått denne jakka!
Eller- anorakk er det vel egentlig. Den er så fin.
Nydelig passform og herlig farge.

Finns i fleire forskjellige fargar og er av
merket Mini a ture- om nokon lurer :)

No gjenstår det bere å finne ei normal, enkel og klassisk lue som passar til.

Det er så vanskelig å finne fine luer til gutar syns eg!
Nokon som har sett nokon fine?

onsdag 7. april 2010

Eit nytt hekleprosjekt..





Det skadar vel ikkje å ha fleire prosjekt på gang?
No har eg starta på ei påskepute.
Garnet vart kjøpt inn før påske men sidan eg kom seint i gang
så blir det nok ei stund til dei er ferdige.
Må nok ha to stk til sofaen min.

Nydelige vårfarga syns eg - og eg gler meg allereie til dei er ferdige! :)
Eg fekk inspirasjon til putene i denne flotte bloggen.
Sett noke so herlig?
Gler meg til eg blir so flink å hekle! :)

fredag 2. april 2010

Flott blogcandy!

Stikk innom Ann Kristin og delta i den flotte blogcandyen!
Makan til herlige scrappeting altså!
Og bloggen - den osar virkelig av kreativitet!

torsdag 1. april 2010

God påske!! :)

Eg er ikkje så veldig glad i å pynte med fargen gult her heime-
men nokre få innslag har sneke seg inn.
Det er sjølvsagt Marius som har laga den gule kyllingen. Sjarmerande syns eg :)
Han kom nett heim frå påskebesøk- og då hadde han valgt ut blomster til meg.
Den kvite kassa med både påskeliljer, pyntegrønt, kylling og egg i.
Han e jammen det ein snilling!
Eg lovde jo før og etter-bilder av leiligheta.
Det kjem, det kjem.
Ting tar bere litt tid.
Men for å ha sagt det :
Eg vart fryktelig fornøgd med resultatet! :)

Eg skjønnar ikkje dei som bloggar kvar dag altså. Eg får ikkje
tida rett og slett. Eg har omtrent ikkje surfa på bloggar
dei to siste vekene heller so eg føle eg har veldig mykje å
pløye over i løpet av kvelden.
Pjuh- tida går so fort. Har vore hektisk på jobb og eg har vore åleine heime
Då skulle en tru eg hadde god tid men då er det
no eit kvart ein skal heile tida...

Men NO kjenne eg at påskeroen har senka seg.
Marius har fått nye leika når han har vore på tur og dei kosa han seg med,
han har fått påskeegg med dumbofilm og snop i , og eg lese bok å bere slappa
heilt av. Jammen herlig å tenke på at eg ikkje skal på jobb før neste onsdag!

Håpe alle får ei nydelig påske!! :)

lørdag 20. mars 2010

Å vi mala og vi mala...

.. og det blir so fint og flott!
Vel- vi og vi.. Det var vel å overdrive litt..
Pappa mala og eg ser på at det blir fint og flott!

Jammen er det stor forskjell
på trefarge og kvitt altså!
Skal male 4 sånne dører.. Og lister i gangen...
Tusen takk til pappa som e so
flink og tolmodig med malinga!

Eg derimot.. Eg helde heller på med litt småprosjekt...

Som denne Ikea-skobenken. Eg er sikker på den

blir mykje finare i kvitt...


Her er den ferdig pussa og vaska..
Klar for eit strøk med heftgrunn.

Veldig viktig med god pause mat.
I dag er det Erika som bidrar med knallgod sjokoladekake!
Tusen takk- Erika!


Oppdatering følger sjølvsagt!

Med både før og etterbilder!

fredag 19. mars 2010

OL-lua- på 3.forsøk!

Endelig vart eg fornøgd med resultatet.
Den er varm og god og
den sitte fast på haudet uten å sige ned eller dette av...
Eg har lysst å hekle ei ny ei med ein gong.
Kanskje den kan være noke kortare?
På bildet øverst til venstre
prøvde eg å vise kor lang den er.
Eg fann ei god oppskrift på denne flotte bloggen!
Tusen takk for oversatt oppskrift.

Neste prosjekt er eit enkelt panneband.
So må eg snart begynne på vår-putene mine.
Har handla inn bomullsgarn so eg skal
hekle putetrekk av
oldemorsruter.
Ha ei herleg helg!


onsdag 17. mars 2010

Gult er kult!

Sjå på denne flotte give-awayen på bloggen til Frk.Badegakk

Ho gjer bort denne gule-kule veska til ein heldig lesar!

Stikk innom bloggen hennar å la deg inspirere! :)

tirsdag 16. mars 2010

Ein ørliten ny detalj på kjøkkenet

På vegen mot eit litt lysare kjøkken har eg vertfall kjøpt ei ny krukke.
Den er ganske stor - og det e plass til masse masse kjeks i den...
Sidan vi skjeldan har kjeks i hus får eg finne noke
anna å bruke den til..
Eg syns den var veldig søt- sjølv
om eg ikkje er so begeistra for engelsk tekst..

No er eg på jakt etter ein ny lys brødboks,
og litt andre lyse boksar til å ha ståande på
benken min.
Forsettelse følger.

fredag 12. mars 2010

Lengtar mot vår, sommar og Tyrkia!



Eg kjenne på meg at det skal bli herlig å tilbringe 14 dagar
dette herlege hotellet i Tyrkia.
14 dagar med varme, sol og strand, shopping og glade familiemedlemma.
Skal for første gang på lang tid på familie-ferie og eg gler meg veldig.
Marius gler seg fryktelig.. Han har ikkje vore i Syden før..
Han har so mykje spørsmål rundt turen og snakka om den daglig.
Det er heldigvis over 4mnd til- so vi
har god tid å glede oss..
Herlig herlig herlig !

Eit lite glimt frå Kreta i sommar..
Eg og Jannike - jentetur til Platanias.


mandag 8. mars 2010

Ei herleg helg på Hafjell...




er over...

Det var ein kjempekjekke tur med 5 kjekke jenter!
Ein flott tur, nydelig hytte, flotte slalombakkar, fint vær, fantastisk mat, herlig selsap,
mykje kos og avslapping ...

Gler meg allerede til neste gong Håbbikløbben
skal på tur.


Var det London vi var enige om?
Dei fleste bildene frå helga
var av ein eller annan grunn sensurerte-
men her kjem eit liiite glimt i det minste.



Takk for turen jenter !!!

tirsdag 2. mars 2010

Verdas finaste lue?

Ja, for det var jo det eg skulle hekle meg!
Har sett masse OL og fall for Sverige si "OS-mòssa"-
og den var jammen enkel å hekle også..
Oppskrifta fann eg i denne bloggen.

Men- her er eit men.
Det hadde faktisk vore kjekt om den i det heile tatt likna på Sverigelua-
for her er det jammen ikkje bere fargane det står på.
Og eg har fulgt oppskrifta til punkt og prikke.
Eg føle det mangla mykje på at
det er den lua eg håpte det skulle bli ;)

Hekla to forskjellige, for eg syns den eine vart for mykje rødt på..
Ville bere ha røde detalja pga jakka mi.

Men men- luene er snart ferdige- må bere hekle nokre
rundar til på den eine lua
og feste nokre trådar.
Dei duge nok til det dei skal brukast til-
nemlig ski-soleseg-slappeav-helg på Hafjell! :)
Det var kjekt å hekle so no er eg på jakt etter eit nytt
hekleprosjekt som eg kan ta med på tur i helga!
Tips?

Viss noken har hekla ei Sverige-lue som faktisk likna på ei Sverige-lue

so vil eg gjerne ha oppskrift på akkurat det :)




lørdag 13. februar 2010

Nydelige morsdagsgåver

frå Marius :)

Både farmor og mormor var medvirkande til dei fine blomstrane ...
Snille dei! :)
Eg syns det er sååå fint med blomster på bordet så det passa perfekt.


I morgon blir det middag hos mamma og kakeeting... og bolla med krem.

Skal ta bilde av fiiine kaka å legge ut i morgon! :)
No er det OL som står på programmet her.
Ha ein herleg valentine day, morsdag og fastelavn- alle sammen!

tirsdag 2. februar 2010

Sesongpremiere på fruene i kveld

... å det gler eg meg til! :)

Kjekt med litt lett underholdning på ein tysdagskveld syns eg.

Måtte lage ein liten bildemontasje for å vise kva eg har lært meg i det siste.
Lasta ned photoscape og las i bloggen til Sykepleier for å lære meg det,
og jammen var det lett! :) :)
For eit kjekt program. Litt lettare å bruke ein photoshop syns eg altså.

Tusen takk til Sykepleier for inspirasjon! :)
Viss du vil lære deg det, så kan du lese forklaringa her :
(Eg må visst lære meg å lage "skikkelege" linkar... )

Sånn blir kvelden... Meg, Jorunn, Chips, dip, druer og Fruene!

(Chips, dipp og sweets-skålene er favoritten min for tida! So fine! :) )

PS! Tulipanane står finare etter 6 dagar enn dei pleie.

Dei er litt skrøpelige, men dei står fint oppreiste.

Konklusjon : Jammen virkar det med potetmjøl!

lørdag 30. januar 2010

Favorittvottar og mine første heimestrikka sokka..

Vottane er så herlege.
Varme og gode og i bruk omlag kvar dag..

Det er mormor som har strikka dei, og eg gler meg allereie til eg
kan trylle fram slike kunstverk..

Eg syns dei er kjempefine.

Må sjølvsagt vise fram mine første heimestrikka sokka!
Hadde aldri trudd eg skulle klare det gitt.

Ikkje vanskeleg i det heile tatt, men det tar jo litt tid når en ikkje er så erfaren, og det skal liksom gjerast ...

Blir nok mange fleire sokkepar - eg er kald på beina støtt.
Og so må jo ha nokre som passar
til eit kvart antrekk....... sjølvsagt..


No er det snart kveld i heimen.

Grand Prix og pastasalat står på menyen.

Ønske alle ein herleg laursdagskveld.


fredag 29. januar 2010

Endelig helg...

........etter ei travel og hektisk veke både på den eine og den andre måten.

Skal bli herleg å ikkje gjere noke som helst!

Håpe alle får ei alldeles nydelig helg. Akkurat som du ønske..
PS! Eg syns tulipanane ser finare ut enn dei pleie etter 2 dagar.
Men, det er helst på dag 4 det fatale skjer.. at dei dette over..
Eg ventar i spenning, men no føler eg at potetmelet har hjulpe.
Vertfall litt...


Eg har forsatt stjerner i vindauget eg.
For det er vel vinterpynt, å ikkje julepynt?
Eller?











onsdag 27. januar 2010

Kor lenge er tulipanane fine?


Eg elska tulipanar.
Spesielt kvite, lilla eller rosa.
Eller nokre meir fargerike.

Som oftast så er dei fine eit par dagar.
Dei står fint oppreist og blomstra so flott.
Så fell dei i hop.. Omtrent som meg...
Som fell i hop på sofaen
sånn ca. kvar kveld.. Å der blir dei "liggande"..
Dei henge over kanten på vasen og ser ikkje verken fine eller flotte ut.
Men no har eg fått eit nytt tips.
Ta potetmjøl i vatnet.

Det gjorde eg idag. Vart litt grumsete men det forsvinne etter kvart.
Veldig spendt på om det hjelpe altså.
Eg vil ha flotte høgreiste tulipana!
Ikkje daffe-hengeoverkanten-tulipanar.


Forsettelse følgjer- om eit par dagar.

søndag 24. januar 2010

Vibrerande mascara?


Det er mykje ein skal høyre om.

Men eg er ikkje kjendt for å være vanskelig,
og når ekspeditrisa (heite det det? *lol*) på HM
anbefalte denne so var det greit då...


Den funka som bere det. Fekk lange vipper og flott volum gitt.
Så langt alt vel.
Dro på jobb- so fornøgd med nye auger.
Så merka eg det.
Det var altså ein ørliten detalj som eg ikkje likte.

Den dryssa. Masse...
Masse små mascarabita under og over augene. Ikkje spesielt fint gitt...


ÆSJ. Det syns eg var fryktelig irriterande.


Må vel forsette jakta på den perfekte mascara...
Til eg finne den har eg tenkt å bruke den vibrerande gode mascaraen og heller sørge for å plukke vekk mascarabita i ny og ne..

Ein sein kveld..

... fann eg ut eg eg ville lage meg blogg.
For ørtande gong- men denne gangen..denne gangen har eg tru på
at det skal gå bra.

Bloggen min skal handle om dei små gledene i livet.
Marius, interiør, strikking, scrapping, trening, hekling.. og ellers
viktige og mindre viktige ting som skjer i livet mitt.

Hurra! Dette går bra!