lørdag 20. mars 2010

Å vi mala og vi mala...

.. og det blir so fint og flott!
Vel- vi og vi.. Det var vel å overdrive litt..
Pappa mala og eg ser på at det blir fint og flott!

Jammen er det stor forskjell
på trefarge og kvitt altså!
Skal male 4 sånne dører.. Og lister i gangen...
Tusen takk til pappa som e so
flink og tolmodig med malinga!

Eg derimot.. Eg helde heller på med litt småprosjekt...

Som denne Ikea-skobenken. Eg er sikker på den

blir mykje finare i kvitt...


Her er den ferdig pussa og vaska..
Klar for eit strøk med heftgrunn.

Veldig viktig med god pause mat.
I dag er det Erika som bidrar med knallgod sjokoladekake!
Tusen takk- Erika!


Oppdatering følger sjølvsagt!

Med både før og etterbilder!

fredag 19. mars 2010

OL-lua- på 3.forsøk!

Endelig vart eg fornøgd med resultatet.
Den er varm og god og
den sitte fast på haudet uten å sige ned eller dette av...
Eg har lysst å hekle ei ny ei med ein gong.
Kanskje den kan være noke kortare?
På bildet øverst til venstre
prøvde eg å vise kor lang den er.
Eg fann ei god oppskrift på denne flotte bloggen!
Tusen takk for oversatt oppskrift.

Neste prosjekt er eit enkelt panneband.
So må eg snart begynne på vår-putene mine.
Har handla inn bomullsgarn so eg skal
hekle putetrekk av
oldemorsruter.
Ha ei herleg helg!


onsdag 17. mars 2010

Gult er kult!

Sjå på denne flotte give-awayen på bloggen til Frk.Badegakk

Ho gjer bort denne gule-kule veska til ein heldig lesar!

Stikk innom bloggen hennar å la deg inspirere! :)

tirsdag 16. mars 2010

Ein ørliten ny detalj på kjøkkenet

På vegen mot eit litt lysare kjøkken har eg vertfall kjøpt ei ny krukke.
Den er ganske stor - og det e plass til masse masse kjeks i den...
Sidan vi skjeldan har kjeks i hus får eg finne noke
anna å bruke den til..
Eg syns den var veldig søt- sjølv
om eg ikkje er so begeistra for engelsk tekst..

No er eg på jakt etter ein ny lys brødboks,
og litt andre lyse boksar til å ha ståande på
benken min.
Forsettelse følger.

fredag 12. mars 2010

Lengtar mot vår, sommar og Tyrkia!



Eg kjenne på meg at det skal bli herlig å tilbringe 14 dagar
dette herlege hotellet i Tyrkia.
14 dagar med varme, sol og strand, shopping og glade familiemedlemma.
Skal for første gang på lang tid på familie-ferie og eg gler meg veldig.
Marius gler seg fryktelig.. Han har ikkje vore i Syden før..
Han har so mykje spørsmål rundt turen og snakka om den daglig.
Det er heldigvis over 4mnd til- so vi
har god tid å glede oss..
Herlig herlig herlig !

Eit lite glimt frå Kreta i sommar..
Eg og Jannike - jentetur til Platanias.


mandag 8. mars 2010

Ei herleg helg på Hafjell...




er over...

Det var ein kjempekjekke tur med 5 kjekke jenter!
Ein flott tur, nydelig hytte, flotte slalombakkar, fint vær, fantastisk mat, herlig selsap,
mykje kos og avslapping ...

Gler meg allerede til neste gong Håbbikløbben
skal på tur.


Var det London vi var enige om?
Dei fleste bildene frå helga
var av ein eller annan grunn sensurerte-
men her kjem eit liiite glimt i det minste.



Takk for turen jenter !!!

tirsdag 2. mars 2010

Verdas finaste lue?

Ja, for det var jo det eg skulle hekle meg!
Har sett masse OL og fall for Sverige si "OS-mòssa"-
og den var jammen enkel å hekle også..
Oppskrifta fann eg i denne bloggen.

Men- her er eit men.
Det hadde faktisk vore kjekt om den i det heile tatt likna på Sverigelua-
for her er det jammen ikkje bere fargane det står på.
Og eg har fulgt oppskrifta til punkt og prikke.
Eg føle det mangla mykje på at
det er den lua eg håpte det skulle bli ;)

Hekla to forskjellige, for eg syns den eine vart for mykje rødt på..
Ville bere ha røde detalja pga jakka mi.

Men men- luene er snart ferdige- må bere hekle nokre
rundar til på den eine lua
og feste nokre trådar.
Dei duge nok til det dei skal brukast til-
nemlig ski-soleseg-slappeav-helg på Hafjell! :)
Det var kjekt å hekle so no er eg på jakt etter eit nytt
hekleprosjekt som eg kan ta med på tur i helga!
Tips?

Viss noken har hekla ei Sverige-lue som faktisk likna på ei Sverige-lue

so vil eg gjerne ha oppskrift på akkurat det :)