tirsdag 26. oktober 2010

Adventskalender-candy!

Eg var innom Wenche sin blogg, og der var det ein fantastisk flott blogcandy! :)
Nydelig kalendar med sikkert masse flotte scrappesaker i!

Stikk innom bloggen du og; delta i candyen og ikkje minst-
bli inspirert av alt det flotte ho lagar! :)


torsdag 14. oktober 2010

Søte tøfler til ein liten fot.

Eg fryse alltid på beina og er stadig på jakt etter fine, gode tøfler eg kan strikke.
Fann desse nydelige tøflene og satte i gang.
(Tusen takk for oppskrift!)
Syns dei var så skjønne; og virkelig fine i forma.
Men- det er eit lite men...
Trass i at eg fulgte oppskrifta til punkt og prikke so vart tøflene altfor små..
Her er dei ilag med Marius sine sko i str 31.... Då
tova på 40 grader- eit kort program på 50 minutt.
Men men- tøflene er søte og fine, og eg kan gje dei vekk til ei lita jente i staden.

Skulle gjerne hatt sånne sjølv so om nokon har oppskrift på tøfler;
gjerne slike som skal tovast så blir eg veldig glad viss eg får ein link .
Viss ikkje får eg gjere om litt på oppskrifta til Ullkurven å
prøve å få dei i str 38! :)

mandag 4. oktober 2010

Nytt i stova!

Eg har fått meg lysekrone! :)
Eg syns den er sååå fin...
Vart mykje koseligare i stova no syns eg.
(bursdagspresang frå mamma og pappa..
kjekt med bursdagsgåver på forskudd )



So har eg fått meg finfint speil av dei kjekke systrene mine.
Syns det vart litt meir opent i stova; å speilet passa betre der enn dei to
bildene som hang der før.




Tuusen takk til systrene mine og til mamma og pappa.
Eg er so fornøgde!! :)


Ha ein forsatt fin måndag alle sammen!
Eg gler meg til Millenium i kveld.