lørdag 30. januar 2010

Favorittvottar og mine første heimestrikka sokka..

Vottane er så herlege.
Varme og gode og i bruk omlag kvar dag..

Det er mormor som har strikka dei, og eg gler meg allereie til eg
kan trylle fram slike kunstverk..

Eg syns dei er kjempefine.

Må sjølvsagt vise fram mine første heimestrikka sokka!
Hadde aldri trudd eg skulle klare det gitt.

Ikkje vanskeleg i det heile tatt, men det tar jo litt tid når en ikkje er så erfaren, og det skal liksom gjerast ...

Blir nok mange fleire sokkepar - eg er kald på beina støtt.
Og so må jo ha nokre som passar
til eit kvart antrekk....... sjølvsagt..


No er det snart kveld i heimen.

Grand Prix og pastasalat står på menyen.

Ønske alle ein herleg laursdagskveld.


fredag 29. januar 2010

Endelig helg...

........etter ei travel og hektisk veke både på den eine og den andre måten.

Skal bli herleg å ikkje gjere noke som helst!

Håpe alle får ei alldeles nydelig helg. Akkurat som du ønske..
PS! Eg syns tulipanane ser finare ut enn dei pleie etter 2 dagar.
Men, det er helst på dag 4 det fatale skjer.. at dei dette over..
Eg ventar i spenning, men no føler eg at potetmelet har hjulpe.
Vertfall litt...


Eg har forsatt stjerner i vindauget eg.
For det er vel vinterpynt, å ikkje julepynt?
Eller?











onsdag 27. januar 2010

Kor lenge er tulipanane fine?


Eg elska tulipanar.
Spesielt kvite, lilla eller rosa.
Eller nokre meir fargerike.

Som oftast så er dei fine eit par dagar.
Dei står fint oppreist og blomstra so flott.
Så fell dei i hop.. Omtrent som meg...
Som fell i hop på sofaen
sånn ca. kvar kveld.. Å der blir dei "liggande"..
Dei henge over kanten på vasen og ser ikkje verken fine eller flotte ut.
Men no har eg fått eit nytt tips.
Ta potetmjøl i vatnet.

Det gjorde eg idag. Vart litt grumsete men det forsvinne etter kvart.
Veldig spendt på om det hjelpe altså.
Eg vil ha flotte høgreiste tulipana!
Ikkje daffe-hengeoverkanten-tulipanar.


Forsettelse følgjer- om eit par dagar.

søndag 24. januar 2010

Vibrerande mascara?


Det er mykje ein skal høyre om.

Men eg er ikkje kjendt for å være vanskelig,
og når ekspeditrisa (heite det det? *lol*) på HM
anbefalte denne so var det greit då...


Den funka som bere det. Fekk lange vipper og flott volum gitt.
Så langt alt vel.
Dro på jobb- so fornøgd med nye auger.
Så merka eg det.
Det var altså ein ørliten detalj som eg ikkje likte.

Den dryssa. Masse...
Masse små mascarabita under og over augene. Ikkje spesielt fint gitt...


ÆSJ. Det syns eg var fryktelig irriterande.


Må vel forsette jakta på den perfekte mascara...
Til eg finne den har eg tenkt å bruke den vibrerande gode mascaraen og heller sørge for å plukke vekk mascarabita i ny og ne..

Ein sein kveld..

... fann eg ut eg eg ville lage meg blogg.
For ørtande gong- men denne gangen..denne gangen har eg tru på
at det skal gå bra.

Bloggen min skal handle om dei små gledene i livet.
Marius, interiør, strikking, scrapping, trening, hekling.. og ellers
viktige og mindre viktige ting som skjer i livet mitt.

Hurra! Dette går bra!