torsdag 28. juli 2011

Gje meg handa di ven



Nydeleg sang.
Mine tankar går til dei pårørande <3

mandag 18. juli 2011

Pixielue på ei skjønn jente!

Denne lua har vore ferdig lenge.
Idag ville den skjønne jenta til venninna mi prøve den, og det enda med at ho fekk den med meg.Kobling
Festa nokre lause trådar og sydde på ein merkelapp.

Denne lua kjem eg til å lage fleire av. Veldig enkel og kjekk å strikke syns eg.

Fann oppskrift her.
Tusen takk for det! :)


torsdag 14. juli 2011

Avhengig av Pepsi Max?



Avhengig?
Kva er vel betre enn ein iiiiskald pepsi max boks på terassen no når det er sommar?

Ja, for min del er det godt heile året ... hehe
Skulle vel gjerne ha kutta ut brusen- men det blir nok berre med tanken denne gong og.

Andre som er avhengige av brus?
Og kva er favoritten?




onsdag 13. juli 2011

Malakoff rockfestival på Nordfjordeid

http://www.malakoff.no/


Kom til Nordfjordeid neste helg å få med den kjekkaste festivalen i Norge.

Vel.. eg har i grunnen ikkje vore på så veldig mange andre festivalar.


Eg lever heller ikkje festivallivet denne helga. Eg er på festival men

eg både dusjar heime og søv i mi eiga seng.


Dette er eit av årets høgdepunkt her på Eid.

Rockefolk, rockeliv i sentrum, rockestemning- og ikkje minst..

Det er ALLTID sol på festivalen! :D

Bur du i nærheten syns eg nettopp du skal ta deg ein tur!


Forsatt god sommar!
(Eg har eit mål om å begynne å blogge igjen.. Vi får sjå kor lenge det varer... ;))