mandag 24. januar 2011

Wanted : Cheezballz!

Nokon som har sett desse i norske butikkar den siste tida?
Eg vart glad og lukkeleg når Rema 1000 og Mega hadde dei inne ei periode..
No er den perioda over og eg lengta meg gal etter desse
fantaaaastiske osteballane som ein blir heilt hekta på.

Viss du ikkje har smakt dei enda, så ikkje gjer det!!
Ein ball- og du er hekta!

Eg har sjekka Rema 1000, Mega og Bunnpris.
Det er tross alt kun dei butikkane vi har i bygda her..
Men eg kan no alltids ta meg ein kjøyretur for å kjøpe ballane og :P

(No høyres det kanskje ut som om eg ete osteballar kvar dag, viss eg berre får tak i. Det gjer eg ikkje. Eg et berre snop og usunne ting på laurdagar. Heeeilt sant... )

Medan eg ventar på svar får eg kose meg med fruktsalaten min.
Det er trass alt mandag idag.





søndag 23. januar 2011

Helga går altfor fort!

Skjønna ikkje heilt kvifor helgane skal gå so fort.
I morgon er det jobb og skule igjen..

Idag har vi vore på slalom, og Marius deltok på årets første renn.
Sooo flinke! :)
Gler oss til mange timar i slalombakken framover.Håpe sola snart dukkar opp og,
so blir det straks litt trivligare!

No skal eg på bloggrunde og kose meg med dagens kvelds.
God te (som forhåpentligvis hjelp på den såre halsen min) og
knekkebrød som minste systra mi har laga.
Neste gong er det min tur å bake!




tirsdag 18. januar 2011

Godt nytt år, Bloggen!

Her er det jammen lenge sidan eg har vore.
På tide med eit nytt friskt (ehh...) bloggår tenke eg.

Lagde jo masse julekort før jul, men tok ikkje særlig med bilder..
Frå no av skal eg ta bilder av alt (*host*) det kreative eg gjer.

Har til å med kjøpt navnelappar som eg skal sy på!
Trur det blir mykje kjekkare å produsere no framover!

Sjå kor fine då!


Bestilt hos minanamnband :D