fredag 25. februar 2011

Deilige fredag!

Ei heilt ny, ubrukt og herleg helg ligg foran oss.
Ikkje utan grunn at fredagen er favorittdagen i veka.
I helga er det slalom, hekling og sjølvsagt avslapping som står på programmet..
So kjem Marius heim, etter å ha vore på haustferie (heilt sidan onsdag- hehe).
Blir godt å få han i hus igjen!

Kanskje blir det bilete av nokre av hekleprosjekta mine på slutten av helga?

God helg, bloggen og alle som er innom! :)

torsdag 24. februar 2011

Kari Traa-luer!

Eg har strikka 6 Kari Traa luer! :)
Veldig enkle og kjekke å strikke.
Eg fann oppskrifta her. Tusen takk!
På den rosa lua har eg strikka vrange masker på kvar 3. rille.
Då får du eit fint mønster på lua syns eg. På den lilla lua har eg lagt inn nokre felt med vrange masker der stripene er.
(Om noken lurer på noko så spør,so skal eg prøve å hjelpe!
Kan sjølvsagt legge ut ei meir detaljert oppskrift også.)

Legg ut bilder av 3 av dei. Dei andre 3 har eg gjett vekk til nokre kjekke jent,er.
Kanskje kjem det bilde seinare?

Takk til Jannike som ufrivillig vart modell her ;)

onsdag 23. februar 2011

Løp og kjøp!

Eg gjekk forbi -nille her om dagen å der hadde dei tilbod på kubbelys.
Det går det mykje av i heimen, så eg hamstra litt i forskjellige fargar.
15 stk kjøpte eg, men så kosta dei kun 10kr stk.
Foreløbig syns eg dei brenn beint og fint.

(Syns at fargane er dusare å finare enn eg får fram på bildet her..)
Har du -nille i nærheita anbefalar eg ein tur å kjøpe lys! :)

mandag 21. februar 2011

"Ny hylle" og eit lite tips.

Måndag igjen- og vinterferie! :)
Har fri idag, herlig å sove litt ekstra og å nyte den gode sola på fjellet.

Har gløymt å vise fram nye hylla mi på bloggen.
Eg kjøpte den før jul, men ting tar tid.

Syns den både er søt og dekorativ og passar godt inn i stova.

Så var det tipset..
Vær forsiktig med å tenne på lys som står slik som dette. Altså uten noko stort fat under.
Eg var uoppmerksam ei stund og plutselig var det masse stearin nedover veggen, på bordet under (der kor det låg eit par laptopar..og diverse..) ..
Kjedelig, å veldig unødvendig.
Det var jo lyset sin "feil" då- men det er jo aldri feil å tipse om sånne ting som fort kan bli farlig- eller vertfall veldig mykje søl.

Ha ei fine veke alle sammen!

fredag 18. februar 2011

God helg!

Fredag ettermiddag..
Den beste dagen i veka syns eg.

I kveld er det avslapping og fredagskos.
Chicken crispy står på menyen. Godt for både små og store!

Det du treng i tillegg til pakken er
Kyllingfilet og litt olivenolje.
Rømme,Kesam, Crème Fraiche.. det du foretrekke. Eg brukar ekstra lett rømme.
Salat, løk og tomat.

Du kan sjølvsagt variere og ha på ost, mais, gauacemole, tortillachips, paprika..
Ditt valg- din kos! :)

Ha ei nydeleg helg!

torsdag 17. februar 2011

Pakke i posten!

Blush.no er genialt for oss som likar billige produkt.
149kr og 159 kr pr flaske.
750ml varer ei stund.
Denne gangen var det i tillegg gratis frakt.

Me like!
Raskt og enkelt- og anbefalast sjølvsagt.
No gjenstår det berre å sjå om eg blir fornøgd med shampooen og balsamen.
(Har aldri prøvd Bed Head før eg...)
Dei brune flaskene i midten er mine.
Dei 4 andre er til to kjekke blondiner ;)

Gler meg allereie til neste gong eg skal bestille derfrå.
Då skal eg handle favorittsminka mi frå GloMinerals!