søndag 6. mars 2011

Søndag, sol, fastelavn og VM!

Deilig med ein søndag utan spesielle planar.

Nyt bildene av desse bollane!
Fantastiske bilete og eg kjenner eg får vatn i munnen av å sjå på dei!


Nyt søndagen!

tirsdag 1. mars 2011

Heia Norge!



Sidan ein bør ha ei lue for kvar anledning syns eg det er heilt på sin plass
å ha ei lue i norske fargar no under VM.
Synast Norge er rågode å gler meg til å følge med dei siste dagane.

Har dilla på desse heklaluene, og endeleg har eg funne eit størrelseforhold som
passar og som er enkelt å regulere.
Dei er hekla i Sandnes fritidsgarn med heklekrok nr.7.

Det kjem nok luer i fleire fargar etterkvart :)

Ha ein fine onsdag vidare!

Rockejente?

Tja.
Eg skal ikkje skryte på meg at eg er verken rockejente eller rockeringjente.

Denne rockeringen har vore svært lite i bruk sidan eg kjøpte den for sikkert to år sidan.
No har eg leita den fram igjen å eg skal øve meg på å bli rockegod.

Marius lo godt av meg og sa at eg måtte øve meg myyykje før eg kunne bli med i rockeklubben! Javel ja! Men øvelse gjer meister- og snart kan eg rocke 20min utan pause.
(Etter dagens innsats ser eg at det kanskje vil ta litt tid..)

Det står vertfall ikkje på lyssta og på engasjemanget.
Eg kjenner og at sideflesket kjem til å bli blå-lilla i morgon.
Forsettelse følgjer.

(Eit lite situasjonsbilete. Dokke skal vete at det ikkje er lett å sjå fin ut medan ein rockar! Det er bere å prøve viss de ikkje trur meg ;))