onsdag 6. april 2011

Deilig salat!

Salat kan varierast i det uendelege.
Eg syns "vanleg salat" er litt kjedeleg, men med litt ost, feta, skinke,kylling, bacon etc..etc
så blir det riktig så godt og mettande syns eg.

Dagens variant :

Pasta med tine krydderost.
(Rør inn osten når pastaen er varm. Krydre med kyllingkrydder, salt og pepper
Serranoskinke
Egg
Avocado
Cherrytomat
Agurk
Issalat
Mais
Paprika
Fetaost

Eg syns ikkje ein treng dressing på denne salaten, fordi pastaen blir mykje smak på, og avocadoen og fetaosten gjer den "saftig"

Kjempegodt! :)

mandag 4. april 2011

Gult er kult? Eller...



Eg syns gult er kult av og til.
Det er cortina garn, kjøpt på Spar Kjøp.
Eg skulle strikke meg eit sjal, men fann ut at lue var kjekkare.

Denne lua var i grunnen eit prøveprosjekt frå ende til anna. Eg har sett på forskjellige luer på nettet og prøvd meg fram..No har eg funne ut at lua må være litt mindre, samme med blomstren- medan klaffane kan være litt større.
Men eg har no vertfall prøvd- og bestått sånn nogenlunde.

Viss noken har oppskrift på sånn lue så send meg gjerne ein epost eller skriv i kommentarfeltet.