Tja.
Eg skal ikkje skryte på meg at eg er verken rockejente eller rockeringjente.
Denne rockeringen har vore svært lite i bruk sidan eg kjøpte den for sikkert to år sidan.
No har eg leita den fram igjen å eg skal øve meg på å bli rockegod.
Marius lo godt av meg og sa at eg måtte øve meg myyykje før eg kunne bli med i rockeklubben! Javel ja! Men øvelse gjer meister- og snart kan eg rocke 20min utan pause.
(Etter dagens innsats ser eg at det kanskje vil ta litt tid..)Det står vertfall ikkje på lyssta og på engasjemanget.
Eg kjenner og at sideflesket kjem til å bli blå-lilla i morgon.
Forsettelse følgjer.
(Eit lite situasjonsbilete. Dokke skal vete at det ikkje er lett å sjå fin ut medan ein rockar! Det er bere å prøve viss de ikkje trur meg ;))