Vottane er så herlege.
Varme og gode og i bruk omlag kvar dag..
Det er mormor som har strikka dei, og eg gler meg allereie til eg
kan trylle fram slike kunstverk..
Eg syns dei er kjempefine.

Må sjølvsagt vise fram mine første heimestrikka sokka!
Hadde aldri trudd eg skulle klare det gitt.
Ikkje vanskeleg i det heile tatt, men det tar jo litt tid når en ikkje er så erfaren, og det skal liksom gjerast ...
Blir nok mange fleire sokkepar - eg er kald på beina støtt.
Og so må jo ha nokre som passar
til eit kvart antrekk....... sjølvsagt..
No er det snart kveld i heimen.
Grand Prix og pastasalat står på menyen.
Ønske alle ein herleg laursdagskveld.