lørdag 24. april 2010

Nye sko! :)

Endeleg fekk eg bestilt Nike shox sko.
Det er nok fake- men eg satsar på dei er godt brukande likevel eg..

Dei e vertfall veldig fine å sjå på å eg gler meg til å få dei i posten.


Dei er kjøpt her. Det er utruleg masse flotte variantar so det var vanskelig å velge.
Valget fall til slutt på desse :

søndag 18. april 2010

Litt vårshopping.....

...mens det snøva ute..
Det passar seg veldig fint syns eg.
Sommaren e laaaaangt der framme-
men det hjelpe pittelitt på å handle litt lyse, lette vårkle syns eg!
Syns ellos har masse fint.
Eg gidd ikkje handle kle som ikkje er på lager før i juni so
det vart med dette.

onsdag 14. april 2010

Før og etter maling.

Eg lovde jo nokre før og etter bilder. Dårlig med førbilder her med meg-
men dokke kan tenke dokke korleis det såg ut med trekvite dører og lister.
Skjønnar ikkje at eg ikkje ba om kvite dører og lister når eg kjøpte leiligheta ny i 2005..
Men men- lett å være etterpåklok.
No er der vertfall mala- og det e blitt mykje finare syns eg! :)
Tusen takk til pappa for mange arbeidstima og masse masse tolmodighet!
Kjøpmannsdisken på kjøkkenet.
Mala for eit år sidan.
Knotta kjøpt på Kremmerhuset.

Heile kjøkkenet. Enkle gardiner kjøpt inn for vår og sommar :)


Kjøkkenet før benken, lister og vinduskarmen vart måla.

Soveromsdørene våre, og badedøra! :)
Har desverre ikkje førbilder, men
her borte vart det mykje mykje
trivligare syns eg.
Ønske meg eit kvart på veggen til venstre der..
Mellom dei to dørene.
Noken som har tips?






Må vise stova og gangen seinare.
Har så dårlige bilder..




søndag 11. april 2010

Ny, herlig jakke!

Endelig har Marius fått denne jakka!
Eller- anorakk er det vel egentlig. Den er så fin.
Nydelig passform og herlig farge.

Finns i fleire forskjellige fargar og er av
merket Mini a ture- om nokon lurer :)

No gjenstår det bere å finne ei normal, enkel og klassisk lue som passar til.

Det er så vanskelig å finne fine luer til gutar syns eg!
Nokon som har sett nokon fine?

onsdag 7. april 2010

Eit nytt hekleprosjekt..





Det skadar vel ikkje å ha fleire prosjekt på gang?
No har eg starta på ei påskepute.
Garnet vart kjøpt inn før påske men sidan eg kom seint i gang
så blir det nok ei stund til dei er ferdige.
Må nok ha to stk til sofaen min.

Nydelige vårfarga syns eg - og eg gler meg allereie til dei er ferdige! :)
Eg fekk inspirasjon til putene i denne flotte bloggen.
Sett noke so herlig?
Gler meg til eg blir so flink å hekle! :)

fredag 2. april 2010

Flott blogcandy!

Stikk innom Ann Kristin og delta i den flotte blogcandyen!
Makan til herlige scrappeting altså!
Og bloggen - den osar virkelig av kreativitet!

torsdag 1. april 2010

God påske!! :)

Eg er ikkje så veldig glad i å pynte med fargen gult her heime-
men nokre få innslag har sneke seg inn.
Det er sjølvsagt Marius som har laga den gule kyllingen. Sjarmerande syns eg :)
Han kom nett heim frå påskebesøk- og då hadde han valgt ut blomster til meg.
Den kvite kassa med både påskeliljer, pyntegrønt, kylling og egg i.
Han e jammen det ein snilling!
Eg lovde jo før og etter-bilder av leiligheta.
Det kjem, det kjem.
Ting tar bere litt tid.
Men for å ha sagt det :
Eg vart fryktelig fornøgd med resultatet! :)

Eg skjønnar ikkje dei som bloggar kvar dag altså. Eg får ikkje
tida rett og slett. Eg har omtrent ikkje surfa på bloggar
dei to siste vekene heller so eg føle eg har veldig mykje å
pløye over i løpet av kvelden.
Pjuh- tida går so fort. Har vore hektisk på jobb og eg har vore åleine heime
Då skulle en tru eg hadde god tid men då er det
no eit kvart ein skal heile tida...

Men NO kjenne eg at påskeroen har senka seg.
Marius har fått nye leika når han har vore på tur og dei kosa han seg med,
han har fått påskeegg med dumbofilm og snop i , og eg lese bok å bere slappa
heilt av. Jammen herlig å tenke på at eg ikkje skal på jobb før neste onsdag!

Håpe alle får ei nydelig påske!! :)