søndag 8. januar 2012

Godt nytt år!

Eg må berre innsjå at eg er ein dårleg bloggar.

Eg kjem mest truleg ikkje til å forbedre meg heller... Hehe!

Men kan jo legge ut eit strikkeprosjekt i ny og ne, eller ein link, eller eit bilde- så bloggen er forsatt eksisterande.

Ikveld hekla eg ei lita lyslykt. Målte opp eit syltetøysglas og sette i gang.

Brukte ikkje noke oppskrift, men syns det vart heilt greit til å være første gang. Eg er nok fryktelig seint ute med dette, men det har liksom ikkje blitt med meg.. Har tenkt på det lenge. Men no har eg litt restegarn å bruke opp så det er nok fare for at det blir fleire av desse søte små.

Ha ei fine veke!


tirsdag 30. august 2011

Gode knekkebrød i fin boks


I ettermiddag har eg laga kjempegode knekkebrød.
Eg fekk oppskrifta med Erika.
(den er nok funne på lavkarboforumet...)

Boksen har eg kjøpt på Lampebutikken her på Eid.
Den er frå Green Gate og er skikkelig søt syns eg.


Oppskrift på knekkebrøda :

100g sesamfrø
25 g linfrø
60g malte mandlar
2ss fiberhusk (du finn det på helsekost, Mega og Meny)
30g solsikkekjerne
1/4 ts salt
3,5 dl vatn

Rør inn alt det tørre. Tilsett vatn. La røra stå i 5 min.
Bre den utover eit steikebrett.
Eg hadde havsalt på toppen. Kjempegodt.

180 grader i ca 55-60 min.
Dei siste 10 minutta med døra open.

Eg delte opp med pizzahjul og lot det avkjøle seg.


søndag 28. august 2011

Deilig "Ina-hals"


Eg kallar det Ina hals fordi det var ho som hadde oppskrifta.
Tusen takk; Ina!! :)
Eg trudde aldri eg skulle bli ferdig med dette prosjektet... men det tok faktisk ikkje så lang tid når
eg først satte i gang. Det er nesten sånn at eg har lysst å strikke ein til i ein annan farge.
Den er virkelig varm og skikkelig mjuk og god.
Deilig garn frå Sandnes.

(Det var veldig vanskelig å ta bilder av seg sjølv med halsen på..
Føle den såg klumpete ut uansett kva eg gjorde... )

Nyt søndagskvelden!


fredag 26. august 2011

God helg!

Jammen er det helg igjen.
Det seie eg kvar einaste fredags ettermiddag...
At tida går fort.
Å det er jo heilt sant.

God helg alle saman!



torsdag 25. august 2011

Sommarstrikk- Kari Traa luer.



Eg har brukt opp masse garn i sommar.
Desse luene er resultat av restegarn..
Deilig å få vekk litt tråd! :)

Syns luene ser litt trasige ut der dei ligg,
dei er mykje finare på hovudet..
Skal gje vekk dei fleste og kanskje det kjem
bilete då?
:)

Oppskrifta har eg funne her.
Tusen takk!
(eg har endra litt på oppskrifta for å få rillene meir framtredande..)

Så har eg hekla haustens første panneband.
Blir nok ikkje det første ;)

Ha ein fin torsdag!

onsdag 24. august 2011

Hauststemning på -nille!




Finn fram pledd, tenn lys og krøll deg saman i sofaen..
Då blir det litt lettare å ynskje hausten velkommen!


torsdag 28. juli 2011

Gje meg handa di ven



Nydeleg sang.
Mine tankar går til dei pårørande <3