tirsdag 26. oktober 2010

Adventskalender-candy!

Eg var innom Wenche sin blogg, og der var det ein fantastisk flott blogcandy! :)
Nydelig kalendar med sikkert masse flotte scrappesaker i!

Stikk innom bloggen du og; delta i candyen og ikkje minst-
bli inspirert av alt det flotte ho lagar! :)


torsdag 14. oktober 2010

Søte tøfler til ein liten fot.

Eg fryse alltid på beina og er stadig på jakt etter fine, gode tøfler eg kan strikke.
Fann desse nydelige tøflene og satte i gang.
(Tusen takk for oppskrift!)
Syns dei var så skjønne; og virkelig fine i forma.
Men- det er eit lite men...
Trass i at eg fulgte oppskrifta til punkt og prikke so vart tøflene altfor små..
Her er dei ilag med Marius sine sko i str 31.... Då
tova på 40 grader- eit kort program på 50 minutt.
Men men- tøflene er søte og fine, og eg kan gje dei vekk til ei lita jente i staden.

Skulle gjerne hatt sånne sjølv so om nokon har oppskrift på tøfler;
gjerne slike som skal tovast så blir eg veldig glad viss eg får ein link .
Viss ikkje får eg gjere om litt på oppskrifta til Ullkurven å
prøve å få dei i str 38! :)

mandag 4. oktober 2010

Nytt i stova!

Eg har fått meg lysekrone! :)
Eg syns den er sååå fin...
Vart mykje koseligare i stova no syns eg.
(bursdagspresang frå mamma og pappa..
kjekt med bursdagsgåver på forskudd )



So har eg fått meg finfint speil av dei kjekke systrene mine.
Syns det vart litt meir opent i stova; å speilet passa betre der enn dei to
bildene som hang der før.




Tuusen takk til systrene mine og til mamma og pappa.
Eg er so fornøgde!! :)


Ha ein forsatt fin måndag alle sammen!
Eg gler meg til Millenium i kveld.

onsdag 29. september 2010

Bloggepledd, bloggehus og ny sveis ;)

Endelig har eg og fått bloggepleddet!
Kallar det bloggepleddet for det er så mange bloggera som har det;)
Eg syns det var finare i virkeligheten enn på bilder,
og eg e veldig gla eg har det heime i sofaen no.
Du kan få kjøpt det her !


Lyshuset er kjøpt på Bohus!
Må finne eit kubbelys som går inni; for det blir for lite lys med berre eit telys.
Lekre hus syns eg; og ikkje minst billige. 119 kr trur eg det kosta.

Til slutt bilde av nye sveisen.
Brunt hår og pannelugg til hausten.
Kjekt med noke nytt ;)

Ha ein finfin kveld!

søndag 26. september 2010

Ferdig lue! :)

Ikkje heilt fornøgde trur eg..
Eg har lysst å lage ei til så eg blir heilt fornøgd.
Då skal eg blandt anna ha fleire striper; og kanskje
tjukkare striper.

Men- eg lika alle prosjekt som e ferdige- å no skal eg begynne på eit eller anna nytt ;)

Oppskrifta fann eg her.
TUSEN TAKK! :)


tirsdag 21. september 2010

Enkle tøfler- med feil garn?

Eg strikka ein tøffel etter denne oppskrifta. Eg hadde ikkje eskimogarn;
men brukte Trysil Garn, Simba frå Europris.
Dette var berekna på pinne nr8.
Eg brukte pinne nr. 6 (der fulgte eg oppskrifta med andre ord...)

Eg syns sokkane vart både små og tynne; å lure på om dei berre er sånn eller om det er
garnet sin feil?
(Evt min feil som kjøper feil garn...)


Dei var veldig lette å strikke; og eg- som faktisk strikkar fryktelig seint
var ferdig med ein sokk på eit par kveldstimar.
Systra mi strikka ein sokk og; så dei to fekk danne seg eit par...
No ligg dei i korga mi i gangen- klare for å varme folk som kjem på besøk :)

onsdag 15. september 2010

Nydeleg salat..!

Idag må eg legge inn tips om ein knallgod og ikkje minst, fryktelig enkel salat
eg og ei venninnde hadde til lunch/middag i dag.


Tacosalat Issalat
Rødløk
Mais
Gulrot
Paprika
Kjøttdeig/Karb.deig/Kyllingkjøttdeig
Tacopulver

(Steik kjøttdeigen først, ha på tacopulver å la det koke inn som vanlig. La det bli
kaldt på eit tørkepapir så litt av sausen renn av.. Det blir absolutt best! :))

Ost dryssa vi over når vi har servert

Idag hadde eg både rømme,guacemole og salsa i kjøleskapet
så eg tok på det.
(Andre likar f.eks kun dressing på ... *knegg*)

Tilbehør :
Maarud tortillachips evt anna type tortillachips

Herlig salat som passar i dei fleste anledningar!

Takk for besøket, Erika! :)